Hopp til hovedinnhold
  • Hjem og hage

Fem tips til eit grønare burettslag

Publisert 05. april 2016

Slik kan du påverke burettslaget ditt til å bli grønt.

Det er mykje ein kan gjere for å få eit grønare burettslag. Her er forslag til tips og idear du kan ta med til styre og årssamlingar, for at burettslaget ditt skal bli grønast mogleg.

Legg til rette for bildeling

Eit bra miljøtiltak er at burettslaget legg til rette for bildeling. Heilt konkret betyr det at parkeringsplassar knytt til burettslaget blir leigd ut. Spør etter elbil frå selskapet du kontaktar. Her er også ein oversikt over bildeleordningar i Noreg.

Sats på energiforbetring og installer solceller på taket

Enova og kommunar gir støtte til energitiltak som kan redusere energibruken i burettslag og sameige.

Gro eigne grønsaker i parsellhage

Parsellhagar er svært populære, og til dømes i Oslo stod rundt 1.200 personar eller familiar på venteliste hos etablerte parsellhagar. Men om burettslaget ditt har mark til overs, kvifor ikkje lage ein eigen parsellhage? Les meir om parsellhagane i Oslo, og bli Norsk kolonihageforbund.

Mykje hagejord inneheld torv, som kjem frå myrer. Bruken av torv i hagejord fører både til store utslepp av klimagassar og rasering av natur. Finn torvfri jord i Jordguiden.

Byt og del ting med naboen

Opprett ein gruppe på sosiale medier eller ein stad i blokka der naboar kan byte, selje eller gi bort ting ein ikkje har behov for lenger. Legg ut ting du sjeldan brukar som verktøy og utstyr på delingstenester som Hygglo og tips dine naboar om at dei kan leige til dømes drill frå deg.

Gjer ein innsats for insektene

Ved å plante insektvenlege plantar, til dømes ei blomstereng på taket eller ei blomsterkasse på altanen, så gjer ein livet til biene og humlene lettare. Les om hva du kan gjøre her.